Forum: Ope forum

Over til Facebooksida

Eg vil foreslå at me går over til å bruka FB-sida og at alle legger over bilder som dei vil bruka der.

Sida heiter det samme som her: https://www.facebook.com/pages/Etne-og-Vindafjord-fotoklubb/229255250486363

Fotobok Etne

I kveld har fotoklubben hatt møte om" Fotobok Etne", som fotoklubben skal lage sammen med Comino forlag. No har vi kome opp i underkant av 300 foto, men målet er å levere 1000 foto til boka. Vi treng fleire foto i alle kategorier med motiv frå Etne. Det blir fleire møte om dette. Frist for innlevering er februar 2015. I kveld vart vi einige om at kvar einskild fotograf skal merke kvart foto slik: 0001 Filnavn , 0002 Filnavn, 0003 Filnavn. Tekst til kvart foto kan skrivast i ei liste.

FOTOBOK FOR ETNE

Fotoklubben ønskjer fleire foto til fotobok for Etne som skal vere ferdig neste år. Har du foto frå Etne til boka? Dei må vere av nyare dato og av god kvalitet ( 3,5 til 5 mb i jpg). Det skal samlast inn 1000 foto og vi har no kome til 250.

Møte i klubben 04.sept. kl.19.00 i Skakkesenteret i Etne

Styret i fotoklubben ønsker å inngå ein avtale med Comino Forlag om utgivelse av fotobok med bilder frå Etne Kommune.

Me ynskjer at flest mulig deltar i med bilder. Me satsar på å få inn rundt 1000 bilder som me kan bruka i boka.

Er du interessert i dette så møt opp på dette møtet

Referat frå årsmøte for 2013.

Årsmøtet var den 11.06.2014 på Skakke. Styret vart gjenvalgt. Asgeir Sørhus vart velt til leiar og kasserar, Jan Martin Grindheim og Reidar Westerlund som styremedlem og Annbjørg Bue som skrivar. Årsmeldinga for 2013 vart godkjent. Kasserar vil legge rekneskapet ut på nettsida til fotoklubben. Klubben har vel 10.700 kroner på konto. Fredrik Fotland frå Comino forlag orienterte om eventuelt samarbeid med fotoklubben om fotobok for kommunane Etne og Vindafjord. Fotoklubben fekk 15 fotobøker som forlaget hadde laget i samarbeid med Tysnes fotoklubb. Bøkene skal Etne og Vindafjord fotoklubb levere ut til medlemmer og andre som kan ha interesse av å bidra med foto til boka. På slutten av møtet viste Steinar Sørhus foto frå Tailand.

Årsmelding for 2013

Årsmelding frå Styret 2013

Årsmøte for 2012 var den 17. april. Asgeir Sørhus vart velt til leiar av årsmøtet. I tillegg vart Reidar Westerlund, Jan Martin Grindheim og Annbjørg Bue velt inn i styret. Etter konstituering vart Asgeir Sørhus også kasserar, Annbjørg Bue skrivar og Reidar Westerlund og Jan Martin Grindheim styremedlem.

Det var klubbmøte 9. oktober

Fotoklubben viste fram foto for Etne frivilligsentral den 15. oktober.

Fotoklubben fotograferte for Etne musikklag på ”Musikalsk ettermiddagskafe” den 27. oktober.

Årsmøte i Etne og Vindafjord fotoklubb

Årsmøte:
Hei og hå…
Då er det vel på tide med eit årsmøte i klubben.
Det vil bli onsdag 11.06.2014 på Skakkesenteret i Etne kl. 19.00.

Saker:
Sak – 1. Val av møteleiar
Sak – 2. Årsmelding
Sak – 3. Rekneskap
Sak – 4.
Orientering om fotobok frå Etne og Vindafjord kommunar av Jan Ove Hansen frå Comino Forlag.
http://www.cominoforlag.no
Det er bare å gå inn websida deira og sjå.
Eg skal skriva meir detaljert om dette i eit innlegg seinare. Det er tilbod om fotobok slik Fusa og Tysnes fotoklubbar har fått.
Fusa: sjå LINK

Tysnes: sjå LINK

Jan Ove Hansen m/kolleger vil orientera oss om fotoboka og fortelja om kva me kan få ut av dette ang. provisjon og inntekter.
Sak – 5. Val

Ikea-rigg

På denne sida kan du sjå korleis du lagar ein skulderrigg for kamera, for å få stødig filming og ta bilder når du ikkje har med deg stativ…
LINK

framvisning av bilder hos Frivilligsentralen i Etne

Eg skal laga til ei framvising av fotoklubben sine bilder hos Frivilligsentralen i Etne. Eg kjem ifm dette bruka ein del bilder som er tatt av fotoklubben sine medlemmer. Dersom nåken har innvengingar på dette så gi beskjed. Legger på navn på alle bilder som eg brukar.
Framvisinga skjer på tirsdag kl. 15.00

Etne Musikklag treng fotohjelp

er det nåken der ute som kan hjelpa Etne Musikklag med fotografering på " musikalsk ettermiddagskaffe" søndag 27.okt.? Det er på Skakkesenteret…
I så fall, ta kontakt med meg eller Thorbjørn Jacobsen…
Eg er reist på jobb då og har derfor ikkje anledning.

Klubb-møte onsdag 09.10.13

Beklager at det har vore liten aktivitet i fotoklubben i det siste. Men nå får me prøva igjen. Det er sikkert mange som har tatt bilder som er klare til framvisning.

Me begynner det fyrste møtet i haust i Bygdasenteret i Ølensvåg onsdag 9. okt. kl 19.00. Då kan me ha ein liten fotodrøs og visa fram bilder som er tatt i løpet av sommaren.

Fotoklubben har fått forespørsel om å visa bilder hos Etne Frivilligsentral. Eg har takka ja til invitasjonen og håper det er fleire som kan stilla med bildene sine. Rekner med det blir visning på storskjerm.

Det er flott visst så mange som mulig kan stilla neste onsdag og me kan snakka om dette då. Eg har sikkert fått litt meir info frå Frivilligsentralen om kva dei er ute etter til dess…

Helsing Asgeir

Skal me ta eit PSE/LR-møte i klubben på torsdag 27.06?

Photoshop Elements (PSE) / Lightroom (LR) – møte på torsdag?

Annonse