Nye bilder

Over til Facebooksida

Eg vil foreslå at me går over til å bruka FB-sida og at alle legger over bilder som dei vil bruka der.

Sida heiter det samme som her: https://www.facebook.com/pages/Etne-og-Vindafjord-fotoklubb/229255250486363

Fotobok Etne

I kveld har fotoklubben hatt møte om" Fotobok Etne", som fotoklubben skal lage sammen med Comino forlag. No har vi kome opp i underkant av 300 foto, men målet er å levere 1000 foto til boka. Vi treng fleire foto i alle kategorier med motiv frå Etne. Det blir fleire møte om dette. Frist for innlevering er februar 2015. I kveld vart vi einige om at kvar einskild fotograf skal merke kvart foto slik: 0001 Filnavn , 0002 Filnavn, 0003 Filnavn. Tekst til kvart foto kan skrivast i ei liste.

FOTOBOK FOR ETNE

Fotoklubben ønskjer fleire foto til fotobok for Etne som skal vere ferdig neste år. Har du foto frå Etne til boka? Dei må vere av nyare dato og av god kvalitet ( 3,5 til 5 mb i jpg). Det skal samlast inn 1000 foto og vi har no kome til 250.

Møte i klubben 04.sept. kl.19.00 i Skakkesenteret i Etne

Styret i fotoklubben ønsker å inngå ein avtale med Comino Forlag om utgivelse av fotobok med bilder frå Etne Kommune.

Me ynskjer at flest mulig deltar i med bilder. Me satsar på å få inn rundt 1000 bilder som me kan bruka i boka.

Referat frå årsmøte for 2013.

Årsmøtet var den 11.06.2014 på Skakke. Styret vart gjenvalgt. Asgeir Sørhus vart velt til leiar og kasserar, Jan Martin Grindheim og Reidar Westerlund som styremedlem og Annbjørg Bue som skrivar. Årsmeldinga for 2013 vart godkjent. Kasserar vil legge rekneskapet ut på nettsida til fotoklubben. Klubben har vel 10.700 kroner på konto. Fredrik Fotland frå Comino forlag orienterte om eventuelt samarbeid med fotoklubben om fotobok for kommunane Etne og Vindafjord. Fotoklubben fekk 15 fotobøker som forlaget hadde laget i samarbeid med Tysnes fotoklubb. Bøkene skal Etne og Vindafjord fotoklubb levere ut til medlemmer og andre som kan ha interesse av å bidra med foto til boka. På slutten av møtet viste Steinar Sørhus foto frå Tailand.

Årsmelding for 2013

Årsmelding frå Styret 2013

Årsmøte for 2012 var den 17. april. Asgeir Sørhus vart velt til leiar av årsmøtet. I tillegg vart Reidar Westerlund, Jan Martin Grindheim og Annbjørg Bue velt inn i styret. Etter konstituering vart Asgeir Sørhus også kasserar, Annbjørg Bue skrivar og Reidar Westerlund og Jan Martin Grindheim styremedlem.

Årsmøte i Etne og Vindafjord fotoklubb

Årsmøte:

Ikea-rigg

På denne sida kan du sjå korleis du lagar ein skulderrigg for kamera, for å få stødig filming og ta bilder når du ikkje har med deg stativ…
LINK

framvisning av bilder hos Frivilligsentralen i Etne

Eg skal laga til ei framvising av fotoklubben sine bilder hos Frivilligsentralen i Etne. Eg kjem ifm dette bruka ein del bilder som er tatt av fotoklubben sine medlemmer. Dersom nåken har innvengingar på dette så gi beskjed. Legger på navn på alle bilder som eg brukar.
Framvisinga skjer på tirsdag kl. 15.00

Etne Musikklag treng fotohjelp

er det nåken der ute som kan hjelpa Etne Musikklag med fotografering på " musikalsk ettermiddagskaffe" søndag 27.okt.? Det er på Skakkesenteret…

I så fall, ta kontakt med meg eller Thorbjørn Jacobsen…

Klubb-møte onsdag 09.10.13

Beklager at det har vore liten aktivitet i fotoklubben i det siste. Men nå får me prøva igjen. Det er sikkert mange som har tatt bilder som er klare til framvisning.

Me begynner det fyrste møtet i haust i Bygdasenteret i Ølensvåg onsdag 9. okt. kl 19.00. Då kan me ha ein liten fotodrøs og visa fram bilder som er tatt i løpet av sommaren.

Skal me ta eit PSE/LR-møte i klubben på torsdag 27.06?

Photoshop Elements (PSE) / Lightroom (LR) – møte på torsdag?

Du klarer det med litt øvelse ;-)

Sjekk opp denne: LINK

Referat frå årsmøte for 2012.

Den 17.04.2013 klokka 19.00 til 21.00 hadde Etne og Vindafjord fotoklubb årsmøte.

På årsmøtet kom 6 stykk.

Årsmelding for Etne og Vindafjord fotoklubb 2012

Årsmelding for Etne og Vindafjord fotoklubb 2012.

Fotoklubben registrerte seg på Facebook 8. januar 2012.

Årsmøte i Etne og Vindafjord fotoklubb

Den 17.04.2013 klokka 19.00 på Bygdasenteret i Ølensvåg er det årsmøte i Etne og Vindafjord fotoklubb.

Tre prinsipper for eksponering og fotografering:

Veldig nyttig å veta: Klikk på denne linken

tid for PSE-kveld igjen?

Skal me ta opp igjen PSE-kveldane (Photoshop Elements) våre? Trykk på “bra” dersom du ynskjer fleire slike kveldar, så får eg lodda stemningen. Det vil bli på onsdagar nå framover… ein gong i mnd.

Godt nytt Foto år.

Jeg ønsker alle i fotoklubben et riktig godt nytt år.Aktivitenen her har ikke helt vært på topp det siste halvåret,men jeg håper flere vil bidra på siden både med bilder og innlegg i det nye året.EVF dekker et såpass stort område at jeg har god tro på at det er liv laga for klubben vår.Flere medlemmer har også kommet til ser jeg.Så jeg oppfordrer alle til å være aktive og holde liv i siden vår i 2013.Publiser dine bilder,bruk gjerne også forumet med alt fotorelatert.Ikke vær redd for å dele dine bilder/spørsmål/erfaringer.

Siden Maya-kalenderens dommedag ikke slo til,så minner jeg også på årskontingent kr. 200,- til bankkontonummer 3543 14 07955. ;-)

Fotomesse i Odda med Herheim foto.

Den 27.11 klokka 18.00 er det tid for den tradisjonelle fotomessa med Herheim Foto fra Voss.

Denne gangen er også fotoklubbene i Etne-Vindafjord, Kvinherad og Jondal invitert.

Herheim foto har med fotoutstyr som det vil være mulighet å handle. I tillegg så burde det være gode muligheter til å få svar på fotorelaterte spørsmål.

Etne og Vindafjord fotoklubb

Til alle som liker eller har tilknytning til Etne og Vindaford fotoklubb. No startar vi opp haustsessongen. Vi møter opp ved Bygdasenteret i Ølensvåg klokka 19 torsdag 11. oktober. Om det er brukbart vær drar vi på fotovandring i nærmiljøet.

Stand på VillmarksmessaEtne

Fotoklubben har stand på VillmarksmessaEtne. Det står ikkje folk på standen heile tida, men det ligg visittkort der som folk kan forsyne seg med og informasjon om klubben. Standen er sponsa av VillmarksmessaEtne og vi får stå der gratis, og vegg til å henge foto på har vi fått lånt av Etne bibliotek.

Blir du med på foto - tur i Bergen?

Det hadde vore gøy visst mange frå fotoklubben kan stilla opp på dette…

Les meir om dette her: Konkurranse

Etne og Vindafjord fotoklubb

Følgt av 53 medlemmar.

Denne origosona er ei sone for medlemmer av Etne og Vindafjord fotoklubb og andre fotointeresserte. Meir om sona

Origo Etne og Vindafjord fotoklubb er ei sone på Origo. Les meir

Medlemskap
Du kan bli medlem i Etne og Vindafjord fotoklubb ved å betale årskontingent på kr. 200,- til bankkontonummer 3543 14 07955.

Kontakt
Du kan kontakte fotoklubben på tlf 41623027..

Innlegging av foto
Vi ønskjer at så mange som mogeleg legg ut foto og innlegg. Folk bør ikkje ha prestasjonsangst, men legge ut alt dei vil. Det vil vera bra om du legger ut 3 – 4 bilete om gongen. Då har enkeltbilete ikkje så lett for “drukna” i mengden. Alle bileta som du legg ut eig du sjølv og er beskytta av norsk opphavsrettlovgiving.

Annonse